Hypersensitivitet (òg kalla hypersensitivitetsreaksjon eller intoleranse) er ei rekkje uønskte reaksjonar som vert skapa av det normale immunsystemet, og inkluderer allergiar og autoimmunitet. Desse reaksjonane kan vere skadelege, ukomfortable og stundom dødelige. Hypersensitivitetsreaksjonar krev ein pre-sensitivisert (immun) tilstand hjå verten. Dei er klassifiserte i fire grupper etter framlegg frå Philip George Houthem Gell og Robin Coombs i 1963.Gell PGH, Coombs RRA, eds. Clinical Aspects of Immunology. 1st ed. Oxford, England: Blackwell; 1963.
Coomb og Gells klassifikasjon +Samanlikning av hypersensitivitetstypar Type Alternative namn Ofte nemnde sjukdommar Mediatorar Skildring I Allergi (beinveges)Atopi Anafylaksi Astma IgE Kjapp respons som oppstår innan få minutt, i motsetnad til fleire timar eller dagar. Frie antigen krysslenker IgE på mastceller og basofilar, som fører til utslepp av vasoaktive biomolekyl.
Undersøking kan gjerast med hudtestar for spesifikt IgE. II Cytotoksisk, antistoffavhengig Autoimmun hemolytisk anemi Trombocytopeni Revmatisk feber Føtal erytroblastose Goodpastures syndrom Membranøs nefropati Graves' sjukdom (sjå type V for forklaring under) Myasthenia gravis (sjå type V for forklaring under) IgM eller IgG (Komplement) MAC Antistoff (IgM eller IgG) bindar seg til antigena på målcella, som i røynda er ei vertscelle som vert tolka for å vere ei framandcelle av immunsystemet. Dette fører til celleøydelegging gjennom membranangrepskomplekset (MAC).
Undersøking inkluderer både direkte og indirekte Coombs test. III Immunkomplekssjukdom Serumsjukdom Arthus reaksjon Revmatoid artritt Poststreptokokk glomerulonefritt Lupusnefritt Systemisk lupus erytematosus Allergisk alveolittIgG (Komplement) Nøytrofilar Antistoff (IgG) bindar seg til løyselege antigen og formar eit sirkulerande immunkompleks. Dette vert ofte avsett i åreveggane i ledd og nyrer, noko som set fart i ein lokal, inflammatorisk reaksjon. IV Forsinka, cellemediert hypersensitivitet,Black, CA. Delayed Type Hypersensitivity: Current Theories with an Historic Perspective Dermatol. Online J. (Mai 1999) 5(1):7 at http://dermatology.cdlib.org/DOJvol5num1/reviews/black.htmlhttp://emedicine.medscape.com/article/136118-overview cellemediert immunrespons, antistoffavhengig Kontakteksem Mantoux-metode Kronisk transplantatrejeksjon Multippel skleroseTable 5-1 in: Åttande utgåve.T-celler T-hjelpeceller (spesifikt Th1-hjelpeceller) vert aktiverte av ei antigenframsynande celle. Når antigenet vert framsyna igjen i framtida, vil Th1-cellene kjenne det att og aktivere makrofagar for å skape ein inflammatorisk respons. Dette kan føre til vevsskade. Le, Tau. First Aid for the USMLE Step 1 2013, p. 203-204 V Autoimmun sjukdom, reseptormediert (sjå under) Graves' sjukdom Myasthenia gravisIgM eller IgG (Komplement)
Type V Dette er ein tilleggstype som stundom (ofte i Storbritannia) vert bruka som eit skille frå type II.
I staden for å binde seg til komponentar i celleoverflata, så vil antistoffa binde til reseptorar i celleoverflata, som anten hindrar den tiltenkte liganden i å binde seg til reseptorar, eller som etterliknar effektane til liganden slik at cellesignaliseringa vert svekka.
Nokre kliniske dømer: Graves' sjukdom Myasthenia gravis
Bruken av type V er sjeldan. Desse tilstandane vert oftast klassifisert som type II, sjølv om dei stundom vert segregerte i ein eigen underkategori av type II.
Sjå òg intoleranse
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hypersensitivity» frå , den 12. januar 2015.
Bakgrunnsstoff Hypersensitivitetsreaksjon — Store norske leksikon
Kategori:Hypersensitivitet Kategori:Allergologi Kategori:Verknader av ytre årsaker