Parakittfamilien (Psittaculidae) eller «papegøyane i den gamle verda», er ein biologisk familie av parakittar frå ordenen papegøyefuglar (Psittaciformes). Familien samlar 51 slekter og 190 artar. Dei inkluderer alle papegøyar i Asia, Madagaskar og ei rekkje øyar i Stillehavet, alle afrikanske artar med unntak av slektene Psittacus og Poicephalus. I tillegg er alle papegøyeartar i Australia, Filippinane, Indonesia, Ny-Guinea og Salomonøyane, som ikkje er kakaduer, medlemar av parakittfamilien.
Utbreiing Utbreiingsområdet til fuglane inkluderer den tropiske regnskogsona i Afrika, ulike ikkje-samanhengande område i Aust- og Sør-Afrika, Madagaskar og andre øyar i det tropiske Indiahavet, Asia frå Pakistan i vest til Indonesia i aust, New Guinea, Australia og øyane i det tropiske Stillehavet. Separasjonen av Psittaculidae frå papegøyefamilien i «den nye verda» (Psittacidae) er baserte på genetiske data og blir ikkje støtta av ei skildring av eigenskapane. Som andre papegøyar har papegøyane i «den gamle verda» eit sterkt, bua nebb, zygodactyle føter, viser ofte slåande fargerike fjørdrakter og har eit komplekst sosialt system.
«Papegøyane i den gamle verda» lever vanlegvis i skogar eller på savannar eller andre graslettar med eit meir eller mindre tett tredekke, dei fleste i tropane og subtropane, nokre få også i tempererte klima.
Føde og beiting Dei fleste papegøyar frå «den gamle verda» et frø og frukt. Dei held den ofte harde maten med føtene og opnar han med det sterke, bua nebbet. Loriar og svaleparakitten (Lathamus discolor) har spesialiserte tunger for å absorbere nektar og pollen frå blomstrar og eit fordøyingssystem tilpassa denne dietten. Spettepapegøyar (Micropsitta) lever av virvellause dyr som dei finn under trebork og har som andre treklatrande fuglar stive halefjører å stø seg på. Ein har funne trekol i magen til nokre australske artar. Inntak av trekol kan tene til å nøytralisere giftstoff frå frukt og frø og har dermed ein liknande funksjon som eting av leirhaldig jord hos nokre neotropiske papegøyar.
Hekking mini|høgre|Eit par regnbogeloriar (Trichoglossus moluccanus) framføre reirplassen
«Papegøyane i den gamle verda», er monogame og begge foreldra tar omsut for ungane. Nesten alle medlemar av denne familien hekkar i ein eller annan type holrom, i dei fleste tilfelle eit hol i eit tre. Viss det ikkje er tre, kan reiret også byggjast i ein fjellsprekk, i eit hol i bakken, i ei hòle i ein termitthaug eller, som med jordparakitten (Pezoporus wallicus), på bakken ved foten av ei grastue eller gøymt ved foten av ein busk. Nokon artar av hengepapittar (Loriculus), amorpapittar (Agapornis) og parakittar i Neophema byggjer eit dekte grasreir i reirholet. Amorpapittar hekkar i koloniar og bruker også forlatne reir av vevarfuglar. Kulla består av eitt til maksimalt ni egg, som blir ruga i 18 til 31 dagar. Ruginga tar til etter at det første egget er lagt, noko som betyr at det går ei viss tid mellom klekkinga av kvar ung papegøye og at dei varierer i storleik. Storleiken på kullet avheng av storleiken på mora og stabiliteten til miljøet, med mindre kull som vanlegvis blir lagde av større fuglar i meir stabile miljø. Ungane blir vanlegvis varma opp av hoa og mata av hannen. Så snart fjørdrakta til reirungane har utvikla seg i ei slik grad at dei ikkje lenger kan kjøle seg ned, passar begge foreldra ungane. Fôringa held vanlegvis fram ei stund etter at ungane har floge. Denne perioden varierer ganske mykje, t.d. for undulatar, som er kjønnsmodne etter berre 6 månader, er den ganske kort, medan ungane hos andre artar er avhengige av foreldra opptil eit år etter at dei er flygedyktige.
Oversyn slekter mini|høgre| Blågumppapegøye (Psittinus cyanurus) Familien samlar 190 artar i 51 biologiske slekter. Slekter i parakittfamilien etter IOC World Bird List V14.1. 2024, Norske artsnamn er etter Norske navn på verdens fugler. Talet på artar i kvar slekt er henta frå IOC-lista. Underfamiliar er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist:
Underfamilie Psittrichasinae Slekt Psittrichas, børstepapegøye, Psittrichas fulgidus
Underfamilie Coracopseinae Slekt Coracopsis, 4 artar
Underfamilie Psittaculinae
Stamme Micropsittini Slekt Micropsitta, 6 spettepapegøyar Stamme Polytelini Slekt Polytelis, 3 artar Slekt Alisterus, 3 artar Slekt Aprosmictus, 2 artar Stamme Psittaculini Slekt Prioniturus, 10 vimpelpapegøyar Slekt Eclectus, 4 artar Slekt Geoffroyus, 3 artar Slekt Psittinus, 2 artar Slekt Tanygnathus, 5 artar Slekt Psittacula, 13 artar
Underfamilie Psittacellinae Slekt Psittacella, 4 tigerpapegøyar
Underfamilie Platycercinae Slekt Psephotus, songparakitt, Psephotus haematonotus Slekt Northiella, 2 artar Slekt Psephotellus, 3 artar Slekt Purpureicephalus, marriparakitt, Purpureicephalus spurius Slekt Platycercus, 6 rosellaer Slekt Barnardius, svarthovudparakitt, Barnardius zonarius Slekt Lathamus, svaleparakitt, Lathamus discolor Slekt Prosopeia, 3 artar Slekt Eunymphicus, 2 artar Slekt Cyanoramphus, 8 artar
Underfamilie Pezoporinae Slekt Pezoporus, 2 artar Slekt Neopsephotus, pastellparakitt, Neopsephotus bourkii Slekt Neophema, 6 artar
Underfamilie Loriinae
Stamme Loriini Slekt Oreopsittacus, skjegglori, Oreopsittacus arfaki Slekt Charminetta, dverglori, Charminetta wilhelminae Slekt Hypocharmosyna, 2 artar Slekt Charmosynopsis, 2 artar Slekt Synorhacma, stripelori, Synorhacma multistriata Slekt Charmosyna, 3 artar Slekt Charmosynoides, gulbandlori, Charmosynoides margarethae Slekt Vini, 10 artar Slekt Neopsittacus, 2 artar Slekt Lorius, 6 artar Slekt Psitteuteles, spranglori, Psitteuteles versicolor Slekt Parvipsitta, 2 artar Slekt Pseudeos, 2 artar Slekt Chalcopsitta, 3 artar Slekt Glossoptilus, svartnebblori, Glossoptilus goldiei Slekt Glossopsitta, moskuslori, Glossopsitta concinna Slekt Saudareos, 5 artar Slekt Eos, 6 artar Slekt Trichoglossus, 10 artar Stamme Melopsittacini Slekt Melopsittacus, undulat, Melopsittacus undulatus Stamme Cyclopsittini Slekt Psittaculirostris, 3 fikenpapegøyar Slekt Cyclopsitta, 4 fikenpapegøyar
Underfamilie Agapornithinae Slekt Bolbopsittacus, guavapapegøye, Bolbopsittacus lunulatus Slekt Loriculus, 15 hengepapittar Slekt Agapornis, 9 amorpapittar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Altweltpapageien» frå , den 13. mars 2024
Referansar
Bakgrunnsstoff
kategori:Parakittar