Last Exit to Brooklyn er eit filmmusikkalbum av den britiske musikaren Mark Knopfler, gjeve ut 3. oktober 1989 av Vertigo Records internasjonalt, og av Warner Bros. Records i USA. Albumet inneheld musikk skriven for filmen Last Exit to Brooklyn i 1989, produsert av Bernd Eichinger og regissert av Uli Edel.

Mottaking

I meldinga si for AllMusic gav William Ruhlmann albumet tre av fem stjerner, og kalla det Knopfler sitt «mest ambisiøse og fullendte filmmusikk». Ruhlmann skreiv at i motsetnad til dei tre første filmmusikkalbuma til Knopfler, høyrtes ikkje musikken for Last Exit to Brooklyn «ut som unytta opptak frå Dire Straits-innspelingar, men i staden som eit fullt orkestrert musikkstykke».

Innhald

Medverkande Musikk Guy Fletcher – klaverinstrument David Nolan – fiolin (4) Irvine Arditti – fiolin (9)

Produksjon Mark Knopfler – produsent Bill Schnee – miksing Don Cobb – digital redigering Denny Purcell – remastering Jonathan Russell – remasteringsassistant

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Last Exit to Brooklyn (album)» frå , den 13. januar 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Last Exit to Brooklyn på den offisielle heimesida til Mark Knopfler

Kategori:Filmmusikkalbum frå 1989 Kategori:Mark Knopfler-album Kategori:Vertigo Records-album Kategori:Warner Bros. Records-album