Lambda (Λ, λ) er den ellevte bokstaven i det greske alfabetet. Bokstaven svarar til L i det latinske alfabetet.
Somme omgrep:
Som geodetiske koordinatar står bokstaven λ for lengdegrad. I fysikk vert λ mellom anna brukt for bylgjelengd. I matematikk vert λ mellom anna brukt for Langrange-multiplikatoren ved optimering under sidevilkår, som i økonomi ofte vert tolka som ein skyggepris. I økologien brukar mange λ som eit symbol for netto reproduksjonsrate, eller bestandsvekstrate per tidseining. Symbolet er i mykje litteratur synonymt med stor R.
Kategori:Det greske alfabetet