Hargus Melvin «Pig» Robbins () er ein USA-amerikansk klaverspelar og pianist. Han har spelt med artistar som Kenny Rogers, George Jones, Bob Dylan, Neil Young, Ween, Alan Jackson, Merle Haggard, Loretta Lynn, David Allan Coe, George Hamilton IV og Conway Twitty, Robbins er ein mykje nytta studiomusikar i Nashville. Han har vore blind etter at han mista syner fire år gammal i ei ulukke med kniven til faren.
Robbins lærte seg å spele piano sju år gammal, då han gjekk på blindeskule i Nashville. Han deltok på den første innspelinga si i 1957 og den første store innspelinga hans var George Jones sin «White Lightning». Sidan den gong har han spelt piano og klaverinstrument for mange countrymusikarar.
Mellom 1963 og 1979 spelte Robbins òg inn åtte soloalbum. Han fekk prisen som årets musikar av Country Music Association i 1976 og 2000.
Singelen hans frå 1959, «Save It», vart spelt inn under namnet Mel Robbins, og sidan gjort i ein kjend versjon av The Cramps i 1983 på albumet Off the Bone.
21. oktober 2012 vart Robbins innlemma i Country Music Hall of Fame."Garth Brooks, Connie Smith, Hargus “Pig” Robbins join Country Music Hall of Fame», The Tennessean, 6. mars 2012. Henta 16. januar 2015.
Diskografi Album 1962 «Hully Gully to The Hits» som Mel «Pigue» Robbins Smash 27012 MONO/ 67012 STEREO 1963 A Bit of Country piano— 1968 Play It Again, Hargus— 1969 Hargus Robbins— One More Time— 1977 Country Instrumentalist of the Year 46 1978 A Pig in a Poke— 1979 Alive from Austin City Limits— Unbreakable Hearts—
Singlar År Song US Country1979"Chunky People"83"Unbreakable Hearts"92
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hargus «Pig» Robbins» frå , den 16. januar 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Folk frå Spring City i Tennessee Kategori:USA-amerikanske countryklaverspelarar Kategori:USA-amerikanske countrypianistar Kategori:Blinde musikarar Kategori:Musikarar frå Tennessee Kategori:USA-amerikanske studiomusikarar Kategori:Country Music Hall of Fame Kategori:Medlemmar av Country Music Association