Wollert Konows plass er ein plass foran det tidlegare kommunehuset til Fana kommune på Nesttun, som no ligg i Fana bydel i Bergen kommune. Plassen er oppkalla etter Wollert Konow som var ein norsk brukseigar og politikar (V, FV) frå Stend i Fana. Han satt på Stortinget for Søndre Bergenhus amt frå 1880 til 1888, 1898 til 1900 og 1910 til 1912, og var statsminister frå 1910 til 1912. I 1925 vart ein byste av Konow, laga av Ambrosia Tønnesen, avduka på plassen.
Fotnotar
Kategori:Fana