One Take Radio Sessions er ein EP med live i studio-opptak av den britiske musikaren Mark Knopfler, gjeven ut 21. juni 2005 av Mercury Records internasjonalt og Warner Bros. Records i USA. Opptaka vart gjoert i ein eingong i Shangri-la Studios i Malibu i California. EP-en inneheld versjonar av sju songar frå albumet Shangri-La frå 2004, og ein song, «Rüdiger», frå albumet Golden Heart. Denne EP-en er i røynda ein lengre versjon av The Trawlerman's Song EPen, med to ekstra spor og ein annan versjon av tittelsporet.
Mottaking
I meldinga si for AllMusic gav James Christopher Monger EPen to av fem stjerner. Sjølv om Monger meinte «at det ikkje var noko å seie på framføringa, innspelinga utan feil og melodiane sterke», så følte at han EPen ikkje gav noko nytt som ikkje alt var gjeve ut på albumet Shangri-La i 2004.
Innhald
Medverkande Musikk Mark Knopfler – vokal, gitarar Richard Bennett – gitarar Jim Cox – klaverinstrument Matt Rollings – klaverinstrument Doug Pettibone – gitar (2,5), mandolin (8) Glenn Worf – bass Chad Cromwell – trommer
Produksjon Mark Knopfler – produsent Chuck Ainlay – produsent, lydteknikar Rodney Pearson – digital redigering Bob Ludwig – mastering
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «One Take Radio Sessions» frå , den 21. januar 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:EP-ar frå 2005 Kategori:Mark Knopfler-album