Ingrid Salvenmoser () er ein austerriksk tidlegare skirennar frå Scheffau am Wilden Kaiser i Tirol som vann bronsemedaljen i slalåm under VM i alpine greiner 1991 i Saalbach-Hinterglemm.

Aktiv Salvenmoser debuterte i verdscupen i alpine greiner i januar 1985, og fekk ein oppsiktsvekkande sterk femteplass i storslalåmrennet i franske St. Gervais. Gjennom ei lang tid som aktiv kom ho seks gongar på sigerspallen i verdscupen, men lukkast aldri å vinne noko renn.

I åra frå 1989 til 1999 deltok Salvenmoser i spesialøvinga slalåm i samtlege seks verdsmeisterskapane, samt i Vinter-OL 1998 i Nagano, dessutan var ho i fleire av meisterskapane også med i storslalåm. Trass i fleire gode renn vart ho ståande att med den bronsemedaljen ho sikra seg som beste austerrikar i slalåm då alpint-VM 1991 vart arrangert i heimlandet.

Salvenmoser vann tre nasjonale meistertitlar. I 1988 vart ho austerriksk meister i storslalåm, medan ho tre år seinare vart dobbeltvinnar gjennom sigrar i både storslalåm og slalåm.

Ho la opp som aktiv i 2001.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Ingrid Salvenmoser» frå , den 30. januar 2015.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Austerrikske alpinistar Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1998