Nahf (arabisk نحف, Naḥf eller Nahef; hebraisk נַחְף)Palmer, 1881, s. 64, 92 er ein arabisk by i Nord distrikt Israel. Han ligg mellom nedre og øvre Galilea, kring 23 km aust for Akko. I 2011 hadde byen eit folketal på 7 800.Integrating Arabs in the Workforce, Jerusalem Post
Historie Landsbyen er gammal og har ruinar frå romersk tid og mellomalderen. Han vart kalla «Nef» i krossfarartida.Pringle, 1997, s. 114Petersen, 2001, s. 239Conder and Kitchener, 1881, SWP I, s. 255. Sitert i Petersen, 2001, s. 239 I 1250 vart han nemnd i lag med Beit Jenn, Jalun og ander stader i området som ein del av området som høyrte til Den tyske riddarordenen.Conder and Kitchener, 1881, SWP I, s. 208Strehlke, 1869, s. 78-79, No. 100; sitert i Röhricht, 1893, RHH, s. 308, No. 1175
Eit kart frå 1799 av Pierre Jacotin synte staden, kalla «Nafeh».Karmon, 1960, s.166, Sitert i Petersen, 2001, s. 239 Då Victor Guérin vitja Nahf i 1875, skildra han landsbyen som ein stad med 400 muslimar og somme gresk-ortodokse familiar,Guérin, 1880, s. 451 - 452 Cited partially in Conder and Kitchener, 1881, SWP I, s. 255. Translation in Petersen, 2001, s. 239 medan Nahf i 1881 vart skildra som ein landsby bygd av stein med 200 muslimar, oliven og dyrkbar mark.Conder and Kitchener, 1881, SWP I, s. 203
Det britiske mandatet I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Nahf eit folketal på 818, to jødar, seks kristne og 810 muslimar,Barron, 1923, Table XI, Underdistrikt of Akko, s. 36 som i folketeljinga i 1931 hadde auka til 994, alle muslimar, i 194 hus.Mills, 1932, s. 102
I 1945 var folketalet i Nahf 1 320, alle arabarar, som eigde 15 745 dekar land i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 41 1 088 dekar var plantasjar og irrigert land, 4 571 nytta for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 81 medan 44 dekar vart utbygd (urbant) land.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 131
1948 og tid etter Nahf vart erobra av Israel den 18. juli 1948 under Operasjon Dekel leia av Sheva-brigaden. Den lokale militsen i landsbyen og frivillige i Den arabiske frigjeringshæren var med på å forsvare landsbyen. Byen vart ståande intakt og få av innbyggjarane flykta frå heimane sine. Folkesetnaden vart verande i unntakstilstand fram til 1966.
Sjå òg Arabiske stader i Israel
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nahf» frå , den 31. januar 2015. oppgav desse kjeldene:
(p. 640)
(p. 192) Karmon, Y, (1960), An analysis of Jaconin's map of Palestina, IEJ (=Israel Exploration Journal), 10, s. 155-173 and 244-153. Sitert i Petersen, 2002 Lerer, Yoav (8/6/2009): Nahf Final Report , Hadashot Arkheologiyot, no.121
Petersen, Andrew (2001): A Gazetteer of Buildings in Moslem Palestine: Volume I (British Academy Monographs in Archeology)
Smithline, Howard (30/3/2005): Nahf , Hadashot Arkheologiyot, no.117 Tepper, Yotam (16/8/2007): Nahf (East) Final Report , Hadashot Arkheologiyot, no.119
Bakgrunnsstoff Velkomen til Nahf
Kategori:Kommunar i Israel Kategori:Arabiske stader i Israel Kategori:Lokale kommunar i Nord-distriktet i Israel