Gilboa regionale kommune (hebraisk מועצה אזורית הגלבוע, Mo'atza Azorit Gilbo'a) er ein regional kommune nord i Israel, i fjellsida av Gilboa. Det bur kring 22 000 innbyggjarar her fordelt på 38 busetjingar. Storleiken på kommunen er kring 250 000 dekar.

Han grensar i nord og vest til Jezreeldalen og Jezreeldalen regionale kommune, i sør til Samariafjella og i aust til Beit She'an-dalen og Beit She'an-dalen regionale kommune. mini|Gilboa fengsel. Historie Gilboafjella som grensar til Jezreeldalen frå sør og Beit She'an-dalen få vest dannar ein del av vasskiljet i Israel. I 1921 bygde 75 mann frå arbeidsgruppa til Joseph Trumpeldor ein teltleir nær Ma'ayan Harod. Dei fleste av dei var emigrantar til Israel under den andre Aliyah, og somme kom i den tredje Aliyah. Somme av dei var medlemmar av Hashomer. Programmet gjekk ut på å «bygge opp landet med eit generelt kollektiv av israelske arbeidarar.» Etter to månader kom ei gruppe til i dei austlege område Jezreeldalen og slo seg ned på åsen Tel Hassan, som no heiter Tel Yosef. Dei andre busetjingane vart bygde seinare.

Busetjingar Busetjingar i Gilboa regionale kommune:

Kibbutzar Beit Alfa Beit HaShita Ein Harod (Ihud) Ein Harod (Meuhad) Geva Heftziba Tel Yosef Yizre'el

Moshavar Adirim Avital Barak Dvora Gadish Kfar Yehezkel Magen Shaul Meitav Mlea Prazon Ram-On Ramat Tzvi

Fellesbusetnader Gan Ner Gidona Merkaz Haver Merkaz Oman Merkaz Yael Moledet Nir Yafeh

Arabiske landsbyar Muqeible Na'ura Sandala Tamra Taibe Nuris Al-Mazar

Tidlegare landsbyar Nurit

Økonomi Jordbruk Det vert drive mykje forskjellig jordbruk i kommunen. Det vanlegaste er bomull, kveite, drivhus og andre industrielle plantasjar, blomar, åkrar, fisketjern, kyr og kylling.

Industri Kibbutzim i kommunen har bygd mange fabrikkar: Shimurim i Beit HaShita; metallhandsaming i Beit Alfa, Moledet, Ein Harod og Beit Yosef; tømmerarbeid i Beit HaShita og Ein Harod; elektronikk i Yizre'el; nøtteknekking i Geva; plastikk i Heftzibah og Ram On; trykking og ornamentering i Moledet og Tel Yosef.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gilboa Regional Council» frå , den 1. februar 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Regionale kommunar i Israel