Misgav regionale kommune (hebraisk מועצה אזורית משגב, Mo'atza Azorit Misgav) er ein regional kommune i Galilea nord i Israel. Kommunen har 22 000 innbyggjarar fordelt på 35 småbyar, hovudsakleg fellesbusetjingar, men òg fleire kibbutzim og moshavim. Innbyggjarane i 29 av desse er hovudsakleg jødiske, og i seks av dei beduinar. Regionen er kjend for jødiske og ikkje-jødiske samfunn som lever side om side.

Den administrative statusen regional kommune gjeld ikkje alle byane i det samanhengande geografiske området til kommunen. Dei fleste arabiske byane i regionen er ikkje ein del av den regionale kommunen, og vert rekna som eigne lokale kommunar. Heller ikkje Karmiel, ein by som ligg i hjartet av Misgav høyrer til den regionale kommunen. Folketalet i Karmiel aleine er meir enn dobbelt så høgt som i heile Misgav regionale kommune.

Busetjingar Jødiske Kibbutzar Eshbal Yahad Kishor Lotem Moran Pelekh Tuval

Moshavar Ya'ad Yodfat Fellesbusetjingar Atzmon Avtalion Eshhar Gilon Har Halutz Hararit Harashim Kamon Koranit Lavon Ma'ale Tzviya Manof Mikhmanim Mitzpe Aviv Moreshet Rakefet Shekhanya Shorashim Tal El Tzurit Yuvalim

Beduinske Arab al-Na'im Dmeide Hamdon Hussniyya Kamanneh Ras al-Ein Sallama

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Misgav regionale kommune» frå , den 1. februar 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Council website

Kategori:Regionale kommunar i Israel