Harald Christian Strand Nilsen () er ein norsk kiropraktor og tidlegare alpinist, fødd og busett på Gjøvik, som vann ein OL-bronse i kombinasjonen under vinterleikane 1994 på Lillehammer. Han vart norsk meister i super-G i 1995.
Aktiv Nilsen tok bronsemedaljen i NM-slalåm fire år på rad 1991-94. Alle fire gongane måtte han sjå seg slått av Finn Christian Jagge, og tre av åra også av Lasse Kjus. Det vart eit trekk ved hans år som aktiv alpinist at han stod i skuggen av dei store profilane i gullalderen for norsk alpinsport. Slik var det også då han under Vinter-OL 1994 syrgde for norsk storeslem under kombinasjonstevlinga, som vart avslutta med slalåm i Hafjell, enda på bronseplassen, etter olympiameister Lasse Kjus og sølvvinnar Kjetil Andre Aamodt.
I sin beste sesong, 1995-sesongen, vart Nilsen nummer 13 i verdscupen i alpine greiner. Han vann aldri noko verdscuprenn, andreplass i storslalåm i Kranjska Gora etter Alberto Tomba og det same i kombinasjonen i Kitzbühel etter Marc Girardelli, begge i januar månad 1995, var hans fremste prestasjonar. Seint i 1995-sesongen tok han si einaste gullmedalje då han vart norsk meister i super-G på Bjorli.
Etter han vart nummer ti i storslalåm under VM i alpine greiner 1996 i Sierra Nevada i Spania, sleit Nilsen med å få plass på dei norske representasjonslaga. Han la opp etter 2003-sesongen.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Kategori:Norske alpinistar Kategori:Noregsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1994 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1994 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1998