Anne Heggtveit () er ein kanadisk tidlegare alpin skirennar, fødd i Rockliffe Park i delstaten Ontario, som i 1960 vart olympisk meister i slalåm og verdsmeister i kombinasjonen. Besteforeldra hennar utvandra frå Noreg.
Aktiv 15 år gammal deltok Heggtveit i VM i alpine greiner 1954 i Åre i Sverige, og imponerte ved å verte nummer sju i slalåm og ni i utfor. Likevel vart mange overraska då ho så vann storslalåmrennet i Holmenkollen Kandahar. Året etter vart ho skadd, og ho nådde ikkje å kome i god form til Vinter-OL 1956. I 1958 enda Heggtveit på sjuandeplass i utfor og åttandeplass i slalåm då VM i alpine greiner 1958 fann stad i Bad Gastein i Austerrike.
Høgdepunktet for Heggtveit kom under OL i Squaw Valley i California den 26. februar 1960. Etter fyrste omgangen i slalåmrennet leia ho med 1,5 sekund på Marianne Jahn frå Austerrike og med over tre sekundar til norske Inger Bjørnbakken på tredjeplass. Både Jahn og Bjørnbakken rann svake andreomgangar, Jahn vart sågar diskvalfisert. Dermed vann Heggtveit OL-gullet med over tre sekunds margin til sølvvinnar Betsy Snite frå USA, og var sju sekundar føre bronesemedaljør Barbi Henneberger frå Tyskland. Saman med tolvteplassar i både utfor og storslalåm førte det suverene slalåmrennet til at Heggtveit også vann gullmedaljen i kombinasjonen, ei papirtevling som einast gjaldt som VM-øving.
Ho la opp etter OL-sesongen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Anne Heggtveit» frå , den 7. februar 2015.
Kategori:Canadiske alpinistar Kategori:Olympiske meistrar for Canada Kategori:Canadiske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Canadiske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1956 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1960