«Can't Smile Without You» er ein song skriven av Christian Arnold, David Martin og Geoff Morrow, mest kjend for utgåva med Barry Manilow.
«Can't Smile Without You» var den første singelen frå Manilow-albumet Even Now. Songen vart gjeven ut som singel i 1978 og nådde toppen av AC-lista i USA og tredjeplassen på Billboard Hot 100. Tidlegare vart songen spelt inn av The Carpenters på albumet A Kind of Hush i 1976, og vart gjeven ut som B-sida til hitten «Calling Occupants of Interplanetary Craft» året etter. Manilow-versjonen hadde ein noko anna tekst enn Carpenters.
Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre Engelbert Humperdinck og Jerry Lewis.
Songen er med i filmar som Four Weddings and a Funeral, Deuce Bigalow: Male Gigolo, Unconditional Love, Starsky & Hutch, Hellboy II: The Golden Army og Fear and Loathing in Las Vegas.
På vegner av låtskrivarane saksøkte forlaget Dick James Music George Michael for plagiet i midten av 1980-åra og hevda at Wham!-songen «Last Christmas» frå 1984 nytta melodien frå «Can't Smile Without You». Dei kom til forlik utafor retten. I 2010 vart George Michael offentleg frikjend for alle skuldingar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Can't Smile Without You» frå , den 8. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1976 Kategori:Singlar frå 1978 Kategori:Carpenters-songar Kategori:Barry Manilow-songar Kategori:Engelbert Humperdinck-songar