Ål folkehøyskole og kurssenter for døve ligg i Ål i Hallingdal. Skulen er landets einaste frilynte folkehøgskule for døve, og opna offisielt i 1974. All undervisning på skulen skjer på teiknspråk. Skulen tar imot opptil 46 elevar årleg. I tillegg til folkehøgskulen er her også omfattande kursverksemd, og tv-produksjonsselskapet Døves Media var tidlegare tilknytt skulen. Skulen er eigd av ei stifting oppretta av Norges Døveforbund. Skulen har gymsal, symjehall og treningsrom.
Skulen har følgjande linjefag for 2015/16: «Aktiv» «Teiknspråk» «Norsk» «Bistand» «Trening og kosthald»
Bakgrunnsstoff Ål folkehøyskole sin nettstad
Kategori:Folkehøgskular i Buskerud Kategori:Ål kommune