Maracas eller marakas er eit opphavleg latinamerikansk rytmeinstrument laga av ein kalebass eller liknande med eit handtak. Kula er fylt med små bitar som gjev lyd når ein ristar instrumenet. Maracas blir ofte brukt parvis.
Maracas var opphavleg laga av amerikanske urfolk, som laga rangleinstrument med handtak av tørka kalebassar frå Crescentia-plantar. Maracas er seinare blitt laga av tre eller lêr, og i nyare tid også av plastikk og kunstfiber. Maracas kan vera fylt med bønner, frø, hagl, perler eller liknande. Blyhagl gjev ein sterkare lyd.
Det portugisiske ordet maracá kjem frå tupiordet maráka. Dette var eit rytmeinstrument som i tillegg til den vanlege maracasutforminga også kunne vera pynta med halefjører frå fuglar som araer. Instrumenta kunne brukast ved seremoniar og dans. Dei kunne til dømes vera ein del av rituale for å lækja sjuke.
Instrumentet er utbreidd i latinamerikansk musikk og har også vore mykje brukt i moderne populærmusikk. Maracas blei også brukt ein del i kunstmusikk på 1900-talet av komponistar som Edgar Varèse, Sergej Prokofiev, Leonard Bernstein, Malcolm Arnold og John McCabe.
Kjelder
Kategori:Perkusjonsinstrument Kategori:Latinamerikansk musikk Kategori:Tupianske ord og uttrykk