«10538 Overture» er ein song frå 1971 av The Electric Light Orchestra (ELO) og den første singelen dei gav ut.
Historie Songen, som var skriven av Jeff Lynne, var først meint å vere ei B-side til ein av singlane til The Move. Rick Price frå The Move spelte på bass på originalen, men bassporet hans vart fjerna og spelt inn på ny av Lynne. Roy Wood og Lynne delte vokalen på songen. Songen handlar om ein fange som har rømd, men Lynne ønskte å gje karakteren i songen eit nummer, då han såg nummer 1053 på miksepulten. Wood meinte at med talet 8 til slutt ville det høyres betre ut. Songen var meint å bli ein ny song av The Move, fram til Wood la på fleire lag med cello og The Electric Light Orchestra (ELO) vart fødd. Det var medan denne singelen låg inne på singellista at Wood forlet ELO og i staden starta eit nytt band kalla Wizzard.
B-side B-sida til «10538 Overture» var «First Movement (Jumping Biz)», ein instrumental av Wood. Songen kom først ut på debutalbumet til bandet, The Electric Light Orchestra i 1971 og vart B-sida til «10538 Overture» med Wood på klassisk gitar og cello.
Lister Liste (1972) Plassering Fransk SNEP singelliste 5 Nederlandsk topp 40 24 (tip) UK Singles Chart 9
Jeff Lynne spelte inn songen på ny og gav han ut på eit samlealbum med andre nyinnspelte ELO-songar i 2012.
Andre versjonar Songen vart spelt av Bobby Sutcliff og Mitch Easter i 2001, av Parthenon Huxley i 2005, og av Def Leppard i 2006 på coveralbumet Yeah!. Gitarriffet i songen vart òg nytta av Paul Weller i 1995 på singelen «The Changingman». Hovudriffet er òg særs likt opningsakkordane på Travelling Wilbury-songen «Handle With Care».
I mars 2007 vart songen nytta under rulleteksten på den femte episoden av andre sesongen av Life on Mars.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «10538 Overture» frå , den 12. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1971 Kategori:Singlar frå 1972 Kategori:Electric Light Orchestra-songar Kategori:Songar produserte av Roy Wood Kategori:Songar produserte av Jeff Lynne Kategori:Debutsinglar frå 1972 Kategori:Progressive rockesongar Kategori:Songar skrivne av Jeff Lynne