Peder Tollefsen Ilsaas () var ein norsk gardbrukar, skogeigar og stortingsrepresentant.

Han vart fødd på garden Nordre Ilsaas i Åmot og overtok han etter far sin. Han var i si tid ein av dei største skogeigarane i Østerdalen og mykje nytta i kommunen. Han etterlét seg ei stor samling dokument om eigedomssal m.m. som ikkje er bevarte.

Ilsaas var 1. representant frå Hedemarkens amt til det første ordentlege Storting i 1815, der han var medlem av åtte komitear.

Kjelder Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet, Kristiania, 1914. B. 1 D. 1 : Biografier A-K, side 425 digital utgåve

Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Stortingsrepresentantar 1815-1817 Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Folk frå Åmot