Daman er hovudstaden i det indiske unionsterritoriet Dadra og Nagar Haveli og Daman og Diu, og administrasjonsby for Daman-distriktet. Folketalet i byen var 44 282 ved folketeljinga i 2011. Office of The Registrar General & Census Commissioner, India; Census Digital Library, Table Series/Tabulations Plan of Census Year – 2011/Primary Census Abstract/Urban Agglomeration Henta 17. juli 2014.

mini|venstre|Båthamn ved Damanganga i Daman.

Byen ligg ved kysten ved munningen av Damanganga-elva. Elva delar byen i to, Nani-daman ('vesle Daman') og Moti-daman ('store Daman'). Ironisk nok er Nani-daman den største delen med store bustadområde, supermarknader og sjukehus. Moti-daman utgjer gamlebyen.

mini|venstre|upright|Den portugisiske festningen i Daman.

Historie Portuguisiske utforskarar leia av Diogo de Melo kom tilfeldigvis til området i 1523, etter at ein storm hadde blese dei av kurs medan dei sigla mot Ormuz. Staden blei folkesett som ein portugisisk koloni, og blei verande slik i over 400 år. På 1500-talet blei det reist ein større festning i Motidaman til vern mot Mogulriket. Mykje av festninga står framleis, og huser mykje av dei lokale styresmaktene.

I 1961 blei Daman teke med i India saman med dei andre portugisiske områda etter eit slag mellom indiske og portugisiske styrkar. Under kampane blei 4 indarar og 10 portugisarar drepne.Chakravorty, Dr. B.C. (2008). «Operation Vijay» . Bharat Rakshak. Henta 18.12.2010. Daman blei ikkje del av den nye delstaten Goa, men danna eit nytt forbundsterritorium med kringliggjande landsbyar og Diu.

Turisme

Daman er eit populært turistmål, mellom anna fordi området tillèt sal av alkohol medan nabostaten Gujarat er tørrlagd. Dei fleste besøkande kjem frå område i nærleiken som Vapi, Bhilad, Valsad, Surat og Baroda. Staden har to kjende strender, Devka i Nani-daman og Jampore i Moti-daman.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Daman» frå , og «Daman, Daman and Diu» frå den 15. februar 2015.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Daman og Diu Kategori:Indiske delstatshovudstader Kategori:Portugisisk India