«Evil Woman» er ein song skriven av Jeff Lynne og spelt inn av Electric Light Orchestra (ELO).
Han vart først gjeven ut på det femte albumet til bandet i 1975, Face the Music. Songen vart gjeven ut som singel seint i 1975 og vart den første hitten deira verda over. I følgje Lynne var songen den han hadde brukt kortast tid på å skrive, kring ein halvtime. Songen nådde topp 10 på singellistene på begge sider av Atlanteren tidleg i 1976. Songen vart ein hit igjen i Storbritannia i 1978 då han var med på The ELO EP. Teksten «There's a hole in my head where the rain comes in» er ei hyllest til The Beatles-songen «Fixing a Hole».
Jeff Lynne spelte inn songen på nytt i 2013 for eit samlealbum i lag med andre nyinnspelte ELO-songar. Albumet vart gjeve ut som ELO.
Lister Vekeslister Liste (1976)PlasseringAustralia (Kent Music Report)23Canada (CHUM). CHUM. Henta 15. februar 2015.6Italy (FIMI)29US Billboard Hot 10010US Cash Box. Cash Box magazine. Henta 15. februar 2015.9US Record World. Record World. Geocities.com. Henta 15. februar 2015.9US Radio & Records (R&R)ELOCharts!5
Årslister Liste (1976)PlasseringCanada (RPM 200 Singles)81US Billboard Hot 100Billboard, 25. desember 1976 ("Billboard's Annual Talent in Action", Pop Singles of 1976)70US Cash Box. Cash Box magazine. Henta 15. februar 2015.54
Andre versjonar I 1995 imiterte Michael Stipe Jeff Lynne på ein R.E.M.-konsert i Madison Square Garden under Monster Tour der han song «Evil Woman» iført parykk.
I 2002 vart songen nytta i filmen Austin Powers in Goldmember under ein fengselsscen der Dr. Evil får eit besøk av rollefiguren til Mindy Sterling, Frau Farbissina. På filmmusikkalbumet til filmen vert songen framført av Soul Hooligan med Diana King.
I 2006 vart songen sampla i Pussycat Dolls-singelen «Beep».
Bandet moe. spelte songen tre gonger i 2005.
I 2008 spelte Mike Posner songen på mixtapen sin «A Matter of Time», og som bonusspor på utvalde utgåver av det første albumet hans, 31 Minutes to Takeoff.
Songen vart framført i Broadway-musikalen Xanadu.
Fjernsynsprogrammet DTV Monster Hits! frå 1987 inneheld ein kort musikkvideo av songen.
Songen vart nytta i ein episode av fjernsynsserien Community i 2009.
Songen vert nytta i videospelet Grand Theft Auto IV på den fiktive radiostasjonen Liberty Rock Radio 97.8 i 2009.
Ein versjon av songen vart framført av Oh Mercy på Triple J sin Like a Version i april 2011.
Songen vart nytta i ein reklame for Hyundai som vart vist under Super Bowl den 2. februar 2014.
Songen vart nytta i ein episode i 2008 av fjernsynsserien My Name Is Earl.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Evil Woman (Electric Light Orchestra song)» frå , den 15. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Songen på YouTube Grundig analyse av songen på Jeff Lynne Song Database (Jefflynnesongs.com)
Kategori:Songar frå 1975 Kategori:Singlar frå 1975 Kategori:Singlar frå 1976 Kategori:Electric Light Orchestra-songar Kategori:Songar produserte av Jeff Lynne Kategori:Songar skrivne av Jeff Lynne