mini|Analysekart av ekstremvêret Hilde den 17. november 2013. Dei tette isobarane (trykkfeltet) like utafor kysten av Helgeland, sørvest for lågtrykkssenteret, er den giftige halen, som i dette tilfellet gav vind av orkan styrke. Ein giftig hale innan meteorologi er eit omgrep som syner til eit område med særs kraftige vindar, som kan oppstå i ekstratropiske syklonar (som folk flest kjenner som lågtrykk), og følgjer utviklinga til Shapiro-Keyser-modellen for havgåande syklonar.

Mange av ekstremvêra i Noreg på grunn av kraftig vind har blitt ekstreme nettopp på grunn av slike giftige halar, til dømes Dagmar (2011), Hilde (2012), Nina (2015) og Ole (2015).

Omgrep Etter reanalysar av den store stormen i 1987, leia av professor Keith Browning ved University of Reading, fann forskarane ein mesoskala luftstraum der dei mest øydeleggjande vindane oppstod. Luftstraumen oppstår frå i enden av eit krumma, fordampande skyområde på sørsida av syklonen. Forma på denne skya, som minnar om halen på ein skorpion, har gjeve opphav til namnet «den giftige halen» (sting jet på engelsk).

Ein trur at eit område med kraftig vind, som oppstår midt i troposfæren i enden av skya i eit lågtrykk som utviklar seg eksplosivt, vert forsterka ytterlegare når denne «jetten» søkk, tørkar ut og fordampar ein klår bane gjennom snø- og ispartiklar. Fordampingsavkjølinga fører til at lufta i jetten vert tyngre, og fører til ein akselerasjon nedover mot tuppen av skya, når skya byrjar å krumme seg rundt lågtrykksenteret. Vindstyrkar over 80 knop (150 km/h) kan oppstå i slike giftige halar.Meteorological glossary Booty.org, henta 15. februar 2015

Ein har sidan den gong klart å skape slike jettar i høgoppløyselege vêrmodellar. Jetten skil seg frå det vanlege området med kraftig vind ein har ved kaldfront til og i omårdet kring slike lågtrykk. Det finst indikasjonar på at betinga symmetrisk instabilitet òg spelar ei rolle i danning av slike jettar, men ein veit ikkje kor viktig desse prosessane er enno.Cyclonic storms UWERN newsletter, retrieved 15. februar 2015

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sting jet» frå , den 15. februar 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff The Sting Jet: Forecasting the damaging winds in European Cyclones, UK Met Office The 1987 Great Storm - What is a Sting Jet?, UK Met Office

Kategori:Europeiske stormar Kategori:Uvêr Kategori:Vind Kategori:Atmosfærisk dynamikk