Discovery er det åttande studioalbumet til det britiske symfoniske rockebandet Electric Light Orchestra (ELO). Det kom ut i 1979.
Historie Discovery var det første albumet deira som gjekk til topps på albumlista i Storbritannia. Det gjekk rett inn på toppen av lista og låg der i fem veker. Albumet inneheld fem hitsongar med «Shine a Little Love», «Don't Bring Me Down», «Last Train to London», «Confusion» og «The Diary of Horace Wimp», dei fleste av dei kraftig påverka av disco (Richard Tandy kom opp med namnet på albumet, Disco Very).Wild, David. «The Story of a Rock and Roll Band and the Pop Genius Who Dared to Go Baroque.» Flashback. «Don't Bring Me Down» var ein av berre to singlar som nådde topp tre på den britiske singellista (den andre var «Xanadu» i 1980), og singelen deira som nådde høgast på den amerikanske singellista med ein fjerdeplass. «The Diary of Horace Wimp» vart òg ein hit i Storbritannia, men var ikkje i disco-stil. Han var meir Beatles-liknande slik den tidlegare hitten deira «Mr. Blue Sky» hadde vore. Sjølve albumet var det første som skapte fire topp ti-singlar i Storbritannia (ein av dei var ei dobbel A-side) og selde etter kvart til dobbel platinaplate i USA (1997).
Discovery var det første ELO-albumet som ikkje hadde med ein fast stryketrio, som dei siste åra hadde vore Mik Kaminski, Hugh McDowell og Melvyn Gale. Dei er med på musikkvideoane til songane frå albumet, som vart laga erstatning for at det ikkje vart ein konsertturne etter albumet. Kort tid etter valde leiaren Jeff Lynne å sparke dei, sjølv om Kaminski spelte på Time-turneen i 1981-82, albumet Secret Messages i 1983 og Balance of Power-turneen i 1986.
Discovery vart mastra på ny som ein del av Epic/Legacy-serien i 2001. Av bonusspora var ein coverversjon av Del Shannon-klassikaren «Little Town Flirt», som vart påbyrjra under innspelinga av albumet, men ikkje gjort ferdig før det året albumet kom ut på ny i 2001.
Innhald
Medverkande Jeff Lynne – vokal, elektrisk & akustisk gitarar, piano, Yamaha CS80 synthesizer, produsent Bev Bevan – trommer, perkusjon, Rototoms, pauker Richard Tandy – piano, Yamaha CS80 synthesizer, Wurlitzer elektrisk piano, clavinet Kelly Groucutt – vokal, bass, korvokal Orkester dirigert av Louis Clark
Andre medverkande Mack – lydteknikar Jeff Lynne, Richard Tandy og Louis Clark – Orkester- og korarrangement Al Quaglieri – Produsent på nyutgjeving (2001)
Medverkande i musikkvideoane Jeff Lynne – vokal, gitar Bev Bevan – trommer Richard Tandy – klaverinstrument Kelly Groucutt – bassgitar, vokal Mik Kaminski – fiolin Hugh McDowell – cello Melvyn Gale – cello
Lister
Albumet vart særs populært i Noreg der det låg heile 12 veker på toppen av VG-lista og 34 veker i alt på Topp 40.
Vekeslister Liste (1979–80)PlasseringAustralian K ent Music Report Album Chart1Austerrike3Canadian RPM Album ChartLibrary and Archives Canada. Henta 15. februar 20153Nederlandsk albumliste - MegaCharts3Frank albumliste - SNEP2Italiensk albumliste4Japansk albumliste - Oricon31New Zealand2Norsk albumliste - VG-lista1Sverige2UK Album Chart1US Billboard 2005US (CashBox)5West German Media Control Album Chart7
Årslister Liste (1979)PlasseringAustralia2Austerrike6Canada5Frankrike16Italia15UK Album Chart2US Billboard Year-End74Liste (1980)PlasseringAustralia48UK Album Chart89
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Discovery (Electric Light Orchestra album)» frå , den 16. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1979 Kategori:Album produserte av Jeff Lynne Kategori:Electric Light Orchestra-album Kategori:Epic Records-album Kategori:Jet Records-album