«Here Is the News» er ein song frå 1982 skriven og framført av Electric Light Orchestra (ELO). Han er det tiande sporet på albumet Time (1981) og vart gjeven ut på singel som ei dobbel A-side med «Ticket to the Moon» i januar 1982. Singelen nådde 24. plassen på den britiske singellista. Det vert nytta mykje synthesizerar på albumet, men òg gitar, bassgitar, piano og trommer. Songen er i strofisk form og varer tre minuttar og 43 sekund og endar med at han tonar ut.
Songen handlar om nyhendesendingar i framtidiga, eller rettare sagt nyhendesendingar i 2095 og stemmene frå nyhendereportarar kan høyrast i bakgrunnen her og der i songen.
Andre versjonar Det britiske progressive rockeband Frost* har spelt inn songen. Songen vart spelt av bandet Brave Saint Saturn på albumet Anti-Meridian. Det britiske bandet Scarlet Blonde spelte ein versjon av songen som den første singelen deira frå albumet Acerbic i 2009. Det svenske metallbandet PAIN spelte inn songen i 2008 for albumet Cynic Paradise. Den elektroniske dream pop-trioen Au Revoir Simone spelt esongen for Buffetlibre Rewind 2. I 2008 spelte det nederlandske hiphop-kollektivet The Opposites, Sjaak, Dio og P. Fabergé «Here is the News» som «100% Vooraan» på miksteipen Op Volle Toeren.
Lister Liste (1982) Plassering Frankrike - SNEP 4 Tyskland - Media Control 61 Irish Singles Chart Enter Electric Light Orchestra in the Search by Artist field, then click Search. 17 UK Singles Chart 24
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Here Is the News» frå , den 17. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:Electric Light Orchestra-songar Kategori:Songar produserte av Jeff Lynne Kategori:Songar skrivne av Jeff Lynne