Balance of Power er det 11. studioalbumet til Electric Light Orchestra (ELO), gjeve ut i 1986.

Oversyn Balance of Power var det siste studioalbumet til Electric Light Orchestra på over 15 år (før Zoom kom ut i 2001). No hadde Kelly Groucutt slutta i bandet, som no var ein trio, med Jeff Lynne på bass (i tillegg til gitar som vanleg) og meir elektronisk perkusjon og synthesiserar. ELO spelte somme konsertar i Storbritannia og Europa (dei siste på 15 år), og på eine konserten i Storbritannia var George Harrison gjestegitarist.

Musikkvideoen til singelen «Calling America» vart filma i Paris, og inneheld bilete av bandet som spelar føre Centre Georges Pompidou. Det vart òg laga ein video for singelen «So Serious». Songen «Endless Lies» var meint å vere ei hyllest til Roy Orbison, og vart opphavleg spelt inn for det som skulle vore dobbeltalbumversjonen av Secret Messages. Han kom ut på dette albumet i ein noko omarbeidd og meir kompakt versjon. Dette var det første albumet til ELO utan strykeinstrument i det heile og det første med ein saksofonsolo. Albumet er òg det kortaste ELO gav ut. Innhald

Medverkande Jeff Lynne – vokal, elektrisk og akustisk gitarar, Synclavier II synthesizer, bassgitar, klaverinstrument, perkusjon, produsent Bev Bevan – trommer, perkusjon Richard Tandy – klaverinstrument, sequence-programmering

Andre medverkande Christian Schneider – saksofon Bill Bottrell – lydteknikar Mack – lydteknikar

Turnébesetning Jeff Lynne – solovokal, elektrisk gitar Bev Bevan – trommer Richard Tandy – klaverinstrument Mik Kaminski – fiolin, synthesizer Louis Clark – string synthesizer Dave Morgan – korvokal, akustisk gitar, vocoder Martin Smith – korvokal, bassgitar

Lister

Land Høgaste plassering Australia Album Chart 49 Austerrike Ö3 Austria Top 40 29 Canada RPM Singles Chart 46 Tyskland Media Control Charts 18 Japan Oricon 16 Noreg VG-listahttp://norwegiancharts.com/showitem.asp?interpret=Electric+Light+Orchestra&titel=Balance+Of+Power&cat=a 4 Sverige Sverigetopplistan 3 Sveits 10 UK Album Chart 9 US Billboard 200 49

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Balance of Power (album)» frå , den 18. februar 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Electric Light Orchestra-album Kategori:Album produserte av Jeff Lynne Kategori:Musikkalbum frå 1986 Kategori:Epic Records-album Kategori:Jet Records-album