«Bye Bye Love» er ein popsong skriven av Felice og Boudleaux Bryant og publisert i 1957. Han er mest kjend med debutinnspelinga til The Everly Brothers, gjeven ut på Cadence Records. Songen nådde andreplassen på den amerikanske Billboard-lista og førsteplassen på Cash Box Best Selling Record-lista. Versjonen nådde òg toppen av countrylista i USA våren 1957. The Everly Brothers sin versjon av «Bye Bye Love» vart rangert på 210. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.
Andre versjonar
Webb Pierce spelte inn ein versjon av «Bye Bye Love» kring same tida som Every Brothers, og denne nådde sjuandeplassen på den amerikanske singellista sommaren 1957.
Andre artistar som har spelt inn songen er Rory Blackwell Connie Francis (på Country & Western – Golden Hits) Roy Orbison (på Lonely and Blue i 1960) Ray Charles i 1962 på albumet Modern Sounds in Country and Western Music Trini Lopez i 1964 på hans On The Move Arthur Alexander i 1968 The Dials i ein reggaeversjon i 1969 Simon & Garfunkel i eit konsertopptak i 1970 for Bridge Over Troubled Water. Ray Stevens i 1973 på albumet Losin' Streak. Jimmy Stevens spelte songen i 1972 på Don't Freak Me Out David Lindley på El Rayo-X i 1981. Lacy J. Dalton i 1992 på albumet Chains on the Wind. Versjonen hennar nådde 69. plassen på countrylista i Canada. The Proclaimers is heard in the 1995 film Bye Bye Love. The Pearls på A String of Pearls i 2005 .
Songen vart nytta i filmen All That Jazz i 1979, sungen av Ben Vereen og Roy Scheider. Han vart òg spelt i første episode av sesong to av Masters of Sex.http://www.tunefind.com/show/masters-of-sex/season-2/18060
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bye Bye Love» frå , den 21. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1957 Kategori:Singlar frå 1957 Kategori:Debutsinglar frå 1957 Kategori:Songar skrivne av Felice og Boudleaux Bryant Kategori:The Everly Brothers-songar Kategori:Barbara Fairchild-songar Kategori:Billy Walker-songar Kategori:Webb Pierce-songar Kategori:Trini Lopez-songar Kategori:Ray Charles-songar Kategori:Lacy J. Dalton-songar Kategori:George Harrison-songar Kategori:Roy Orbison-songar Kategori:Simon & Garfunkel-songar Kategori:Connie Francis-songar Kategori:Grammy Hall of Fame Award Kategori:Cadence Records-singlar Kategori:Alvin Stardust-songar