Degania Alef (hebraisk דְּגַנְיָה א', D'ganya Alef) er ein kibbutz nord i Israel. Han høyrer til Emek HaYarden regionale kommune og var den første kibbutzen i Israel. Han vart grunnlagd i 1909.Adult children of the dream, Jerusalem Post
Historie mini|Den første hytta, Umm Juni. Degania Alef var den første kibbutzen som vart grunnlagd av jødiske sionist-pionerar i Palestina, då under osmansk styre. Han vart grunnlagd av ei gruppe på ti menn og to kvinner. Degania Bet vart grunnlagd i sør i 1920. Den 20. mai 1948 under slaget i Kinarotdalen dreiv Degania Alef og Degania Bet attende eit syrisk åtak.
Diktaren Rachel, «arbeidarprofeten» A.D. Gordon og Joseph Trumpeldor arbeidde alle i Degania Alef. Gideon Baratz var det første barnet som var fødd i kibbutzen og Moshe Dayan var det andre. Dayan vart kalla opp etter Moshe Barsky, det første kibbutz-medlemmet som vart drepen i eit arabisk åtak. Barsky vart drepen i november 1913. Han var aleine på markene då han vart skoten i ryggen av arabiske bandittar.
Begge Degania-landsbyane ligg langs sørbreidda av Genesaretsjøen. I 1947 hadde Degania Alef eit folketal på 380. Under den israelsk-arabiske krigen i 1948 vart busetnaden fullstendig øydelagd av den syriske hæren. I følgje ei bok frå 1949 av Jewish National Fund vart landsbyen øydelagd under åtak på dei nærliggande jødiske landsbyane Shaar Hagolan og Massada. Innbyggjarane gjorde motstand og sette i gang eit motåtak og gjorde at dei kunne vinne attende nabolandsbyane. Gjenoppbygginga starta nesten med ein gong. Namnet kjem frå «dagan», som tyder «korn».
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Degania Alef» frå , den 22. februar 2015.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad A Day in Degania, frå Steven Spielberg Jewish Film Archive
Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1910 Kategori:Jødiske landsbyar i Det osmanske riket Kategori:Jødiske landsbyar i Palestinamandatet Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:1910 i Det osmanske riket