Alonei HaBashan (hebraisk אַלּוֹנֵי הַבָּשָׁן) er ei israelsk busetjing, ein moshav shitufi, som ligg sentralt i Golanhøgdene, under israelsk administrasjon.
Alonei HaBashan vart grunnlagd i 1981. Namnet, som tyder «Eikene i Bashan», er henta frå Bibelen (Jesaja 2:13). «Bashan» er det bibelske namnet på Golanhøgdene. Staden ligg i Golan regionale kommune. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene motset seg dette.
I november 2012 vart det avfyrt tre granatar frå Syria som landa nær Alonei Bashan. To eksploderte i opne området, og eit fall ned utafor eit hus, men eksploderte ikkje.second time in a week, stray syriske bullets hit IDF border post I februar 2013 landa ein granat frå ei syrisk stridsvogn i landsbyen. Sappørar som demonterte granaten meiner han vart avfyrt som ein del kampar i den syriske borgarkrigen.Golan Heights hit by stray bullets from Syria
Sjå òg israelskokkuperte territorium
Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Alonei HaBashan» frå , den 22. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Israelske busetjingar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1981 Kategori:Golan regionale kommune Kategori:Religiøse israelske samfunn Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel