Heydər Əlirza oğlu Əliyev () eller Geidar Alijevitsj Alijev var i fleire tiår den mektigaste politikaren i Aserbajdsjan, fyrst i sovjetrepublikken Aserbajdsjan som generalsekretær i sentralkomiteen til kommunistpartiet i Aserbajdsjan i perioden 1969-82, deretter som medlem av politbyåret i Sovjetunionens kommunistiske parti (SUKP) i fem år. Generalsekretæren i partiet, Mikhail Gorbatsjov, tvinga Əliyev til å trekke seg grunna korrupsjon.
Etter Sovjetunionen braut saman i 1991/92 var Əliyev president i det sjølvstendige Aserbajdsjan frå 1993 til ein månad før han døydde i 2003, på eit sjukehus i Cleveland i delstaten Ohio i USA. Sterk persondyrking prega presidenttida, og eit autokratisk system bygt på slekt- og klanmedlemer tok form, smurt gjennom store oljeinntekter og eit patron-klient-system.
Sonen İlham Əliyev tok makta i Aserbajdsjan etter faren.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Heydər Əliyev» frå , den 24. februar 2015.
Kategori:Aserbajdsjanske presidentar Kategori:Aserbajdsjanske statsministrar Kategori:Sovjetiske politikarar Kategori:Nye Aserbajdsjanske Parti-politikarar Kategori:Aserbajdsjanarar frå 1900-talet Kategori:Aserbajdsjanarar frå 2000-talet Kategori:Aliyev-familien