Tamra (arabisk طمرة, hebraisk טַמְרָה eller ) er ein arabisk landsby nordaust i Israel. Han ligg i Jezreeldalen og høyrer til Gilboa regionale kommune. I 2007 var folketalet 1 300.
Historie Då den franske oppdagaren Victor Guérin vitja Tamra skreiv han: «Denne landsbyen har teke plassen til ein eldgamal by som tidlegare hadde eit amfiteater kring ei vassrik kjelde. Overalt er det store steinhaugar, stort sett basal. Dei gjenverande nedraste husa ligg strøydd oppover åssida. Midt i desse ruinane, nær kjelda, merka eg meg spor etter ei lita kyrkje som ligg aust og vest og er delt inn i tre nav. Ho er pynta med søyler, som det er fleire att av. I den høgareliggande delen av byen kan ein framleis sjå spor av ei anna kyrkje, nesten heilt øydelagd, med golv av mosaikk.»Guérin, 1880, s. 124-125, som omsett av Conder og Kitchener, 1882, s. 130
Det låg ein landsby her i bysantinsk tid. Det er funne graver og ruinar av to kyrkjer.
Seint på 1800-talet skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine (SWP) Tumrah som «ein mellomstor landsby, kanskje 50 eller 70 hus, i høgareliggande område, omgjeve av pløgd land.» Dei noterte òg om nokre ruinar på sørsida av landsbyen.Conder og Kitchener, 1882 s.87- 88
I folketeljinga i 1931 hadde Tamra 34 busette hus og eit folketal på 193 muslimar.
Sjå òg Arabiske stader i Israel
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tamra, Jezreel Valley» frå , den 26. februar 2015. oppgav desse kjeldene: Abu Fana, Mohammed (30/12/2009): Tamra Final Report , Hadashot Arkheologiyot, no.121 Alexandre, Yardenna (23/8/2009): Tamra Final Report , Hadashot Arkheologiyot, no.121
(p. 734)
s.63
Porat, Leea (13/4/2005): Tamra , Hadashot Arkheologiyot, no.117 Porat, Leea (16/12/2007): Tamra , Hadashot Arkheologiyot, no.119 Tepper, Yotam (16/8/2007): Tamra Final Report , Hadashot Arkheologiyot, no.119 Referansar
Bakgrunnsstoff Velkomen til Tamra
Kategori:Arabiske landsbyar i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1918 Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:1918 i Palestina