Balfouria (hebraisk בַּלפוּרְיָה) er ein moshav nord i Israel, sør for Nasaret. Han ligg nær Afula og høyrer til Jezreeldalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 312. mini|venstre|Jezreeldalen
Historie Dei første nybyggjarane samla seg i 1919 og byrja opplæring for å kunne starte eit jordbrukssamfunn. Det vart kjøpt eit landområde med hjelp av American Zion Commonwealth og Keren Hayesod skaffa utstyr. Moshaven vart grunnlagd i 1922, som den tredje i Palestina, og vart kalla opp etter Arthur Balfour, som skreiv Balfour-erklæringa, som var open for planane til sionistane om å danne ein jødisk «nasjonalheim». I følgje Jewish National Fund i 1949 var Balfouria den første landsbyen som vart grunnlagd i Palestina etter Balfour-erklæringa.
Grunnleggjarane fekk med seg tidlegare kibbutz-medlemmar, og fleire frå Merhavia fellesbusetnad, i tillegg til mange nybyggjarar frå Petah Tikva. Husa og låvane vart betalte av the Commonwealth og var av betong med spontak, og nybyggjarane i Balfouria vart derfor kalla «millionærane». Lord Balfour vitja moshaven i 1925.
I 1939 vart landområdet til moshaven overført til Jewish National Fund. I 1934 var nybyggjarane ferdig med å grave ein ny brunn som gav betre vilkår for jordbruket i området.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Balfouria» frå , den 27. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1922 Kategori:Jødiske landsbyar i Palestinamandatet Kategori:Naturreservat i Israel Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:1922 i Palestina