mini|Frå druefesten i Marino i 2006

Marino er ein by og ein kommune i provinsen Roma i regionen Lazio i Italia. Kommunen har 41 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 26,1 km². Byen ligg 23 kilometer søraust for Roma, 360 meter over havet.

mini|venstre|Utsyn mot Marino Marino er særleg kjend for produksjon av kvitvin, samt for druefestivalen Sagra dell'uva. Festivalen, som har vorte halden årleg sidan 1924, vert avvikla den fyrste søndagen i oktober månad.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Marino (Latium)» frå , den 1. mars 2015.

Kategori:Byar i Lazio Kategori:Byar i Italia