mini|Alvorleg høg trykkauking i hovudskallen kan føra til hjernekompresjon, ein potensielt dødeleg attåtverknad av trykkendringa. Hjernetrykk eller intrakranielt trykk (ICP) skildrar trykket inni hovudskallen, og dimed også i hjernevevet og cerebrospinalvæska (CSF). CSF-trykk har vist seg å bli påverka av bråe endringar i intratorakalt trykk ved hosting (intraabdominalt trykk), valsavas manøver og kommunisering med vaskulaturen (vene- og arteriesystema). ICP blir målt i millimeter kvikksølv (mmHg), og ved kvile plar den å vere mellom 7 og 15 mmHg hjå vaksne i liggande stilling. Endringar i ICP er tilknytt volumendringar i ein eller fleire av konstituentane av kraniet.

Idiopatisk intrakraniell hypertensjon, ofte kalla auka intrakranielt trykk, er ei trykkauking i kraniet. ICP er normalt mellom 7 og 15 mmHg; ved 20—25 mmHg er den øvre grensa nådd, og behandling kan vere naudsynleg.

Sjå òg nevrointensiv behandling traumatisk hjerneskade (intrakraniell skade) ekstern ventrikkeldrenasje

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Intracranial pressure» frå , den 1. mars 2015.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Sjukdomsteikn Kategori:Nevrotraume Kategori:Nevrologi