mini|Hovudskallen sett frå sida mini|Hovudskallen sett frå sida med fleire saumer Ein skallesaum eller skallesutur (av latin suturae cranii) er eit fibrøst ledd som berre finst i hovudskallen, og som er samanknytt av Sharpeys fibrar. Saumane bidreg til små rørsler, som igjen betrar compliance og elastisitet i skallen. Ledda i skallen er synartrosar. Det er vanleg at mange av knoklane i skallen ikkje er samansmelta ved fødsel. Samansmeltinga av desse knoklane blir kalla kraniosynostose. Omgrepet «fontanell» blir brukt for å skildre dei resulterande blaute områda hjå foster før forbeining. Posisjonen på knoklane held fram med å endra seg gjennom livet, og kan dimed vere viktig i kriminalteknikk og arkeologi. Alderdom kan føre til at saumane blir fullstendig forbeina.
Ledda mellom tennene og leddet mellom underkjeven og hovudskallen, kjeveleddet, er dei einaste ledda i hovudskallen som manglar saumer.
Liste over saumer Dei fleste saumane er namngjevne etter knoklane dei artikulerar med, men somme har spesielle namn.
I hovudsak synleg frå sida (norma lateralis) og baksida (norma occipitalis) Koronarsaum — mellom pannebeina og issebeina Lambdasaum — mellom issebeina og bakhovudbeina, kontinuerleg med s. occipitomastoidea Sutura occipitomastoidea — mellom bakhovudbeina og tinningbeina, kontinuerleg med lambdasuturen Sutura squamosa Sutura sphenofrontalis Sutura sphenoparietalis Sutura sphenosquamosa Sutura sphenozygomatica Sutura temporozygomatica Sutura frontozygomatica
I hovudsak synleg frå framsida (norma frontalis) eller oversida (norma verticalis) Sutura frontalis — mellom dei to pannebeina, før desse smeltar saman til ein knokkel Pilsaum — langs midtlinja, mellom issebeina
I hovudsak synleg frå undersida (norma basalis) eller innsida (norma basalis interna) Sutura frontoethmoidalis Sutura petrosquamosa Sutura sphenoethmoidalis Sutura sphenopetrosa
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Suture (joint)» frå , den 2. mars 2015.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Hovudskallen Kategori:Ledd i hovud og hals