Arbel (hebraisk אַרְבֵּל) er ein moshav nord i Israel. Han ligg på Har Arbel ved Genesaretsjøen nær Tiberias og høyrer til Nedre Galilea regionale kommune. I 2011 hadde han eit folketal på 571.

Arbel vart grunnlagd i 1949 av demobiliserte soldatar på landområdet til den avfolka arabiske landsbyen Hittin. Innbyggjarane der flykta eller vart drivne bort under den arabisk-israelske krigen i 1948.Khalidi, 1992, s. 523 Staden var opphavleg ein moshav shitufi (som nytta den økonomiske strukturen til ein kibbutz, men den sosiale strukturen til ein moshav), men vart ein moshav ovdim (ei fellesbusetjing) i 1959.

Historie Staden var busett alt under tida til Det første tempelet som Beit Arbel (Hosea 10:14), truleg på ein tell nord for dagens moshav. Ein har funne keramikk frå sein romersk og bysantinsk tid.Dauphin, 1998, s. 718-719

På tida til Det andre tempelet var landsbyen Arbel heimstaden til vismannen Nittai av Arbela, som i følgje Mishnah sa: «Hald deg borte frå dårlege grannar, ikkje ver med dei vonde, og ikkje sørg over gjengjelding» (Avot 1:7).http://www.jewishvirtuallibrary.org/jsource/jødedom/The_Temple.html I følgje Josefus var Arbel òg åstad for eit slag med styrkane til Herodes den store und erobringa av landområdet frå Antigonus II Mattathias.Josefus Flavius, omsetjing av G.A Williamson, The Jewish War, Penguin Books Ltd, 1959, s.62 - 63

I 1047 evt. var Nasir Khusraw på pilegrimsreise gjennom Palestina, og skreiv at han kom til landsbyen Irbil, etter Hittin, på veg til Tabariyyah. Han skreiv vidare at «på sørsida av [Irbil] stig eit fjell, og på fjellet er det ei inngjerding, med fire graver - gravene til sønene til Jakob - som var brør av Josef. Og vidare kom eg til ein ås, og under åsen låg ei grotte, som var grava til mor til Moses.»Khusraw, 1897, s.16

I 1517 vart landsbyen ein del av Det osmanske riket i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod Irbid oppført i osmanske skattelister som ein del av Tabariyya nahiya under Safad liwa' (distrikt). Han hadde to hushaldningar, begge muslimar. Dei betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, bomull, geiter og/eller bikubar, olivenoljepresse og/eller ei presse for druesirup.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 190

I 1875 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin ruinane,Guérin, 1880, s. 198-201 og i 1881 omtalte Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine «Kh. Irbid"The ruin of Irbid», according to Palmer, 1881, s. 128 som «viktige ruinar» med «spor av ein arabisk landsby».Conder and Kitchner, 1881, s. 396-400

I 1948 høyrte landområdet til den palestinske landsbyen Hittin, som vart avfolka i den arabisk-israelske krigen i 1948.

Gammal synagoge Arbel er kjend for ruinane av ei gammal synagoge som ligg her. Det er ein av dei eldste synagogene i verda og står midt i ruinane av den antikke jødiske landsbyen, på vestsida av moshaven. Døra til synagogen står framleis, og vart skoren ut i ein massiv kalkstein.Ancient Synagogues in the Land of Israel, Mordechai Aviam, Israel natur- og parktilsyn, 1997, s. 16

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Arbel» frå , den 2. mars 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Israelsk historie Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1949 Kategori:1949 i Israel Kategori:Arkeologiske stader i Israel Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel