Aleksandr Vasiljevitsj Privalov () var ein skiskyttar som tevla for Sovjetunionen. Han vann sølvmedaljen på 20 km både under VM i skiskyting 1961 og vinter-OL 1964, og bronsemedaljen under vinter-OL 1960.
Privalov deltok vinteren 1959 i den andre verdsmeisterskapen i skiskyting, i italienske Courmayeur vart han nummer 11. Året etter tok han bronsemedaljen på den einaste skiskytingsøvinga under dei olympiske vinterleikane 1960 i Squaw Valley, halvtanna minutt bak gullvinnaren Klas Lestander frå Sverige. I 1961 kleiv Privalov eitt steg opp på pallen etter VM i skiskyting i svenske Umeå, nesten tre minuttar etter finnen Kalevi Huuskonen. Året etter enda Privalov på tolvteplass då VM 1962 vart avvikla i Hämeenlinna i Finland.
Under vinter-OL 1964 i Innsbruck skaut Privalov 20 treff på 20 km skiskyting, det same gjorde landsmannen Vladimir Melanjin. Melanjin var ein klart betre langrennsløpar og tok eit suverent gull, Privalov sikra sovjetisk dobbeltsiger, medan Olav Jordet frå Noreg vann bronsemedaljen. Ved VM i skiskyting 1965 på Elverum var Privalov med på Sovjetunionen sitt bronselag i stafetten, den aller fyrste VM-stafetten, ein stafett som vart vunnen av dei fire utøvarane frå arrangørlandet Noreg.
Merknadar
Kjelder
Sportsboken, aktuelle årgangar
Kategori:Sovjetiske skiskyttarar Kategori:Russiske skiskyttarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1960 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1960 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1964 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1964 Kategori:Folk frå Moskva