«Black Smoke» (Svart røyk) er ein singel av Ann Sophie, gjeven ut 2. mars 2015. 24. april 2015 vart songen gjeven ut på albumet Silver Into Gold. Songen er skriven av Michael Harwood, Ella McMahon og Tonino Speciale. Ein liten del av songen vart lagt ut på Internett 27. februar 2015.
Eurovision Unser Song für Österreich
Ann Sophie vann ein klubbkonsert 19. februar 2015, og vart med som joker i Unser Song für Österreich, den tyske uttakinga til Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike. Ho framførte fyrst «Jump the Gun», og gjekk vidare til andre runde. Der fekk ho framføre «Black Smoke» på engelsk, og gjekk vidare til den siste runden der bidraget kjempa om sigeren mot «Heart of Stone» av Andreas Kümmert. «Heart of Stone» fekk 78,7 prosent av røystene og vann tevlinga, men Kümmert gav sigeren til «Black Smoke» og Ann Sophie under sigersintervjuet før han skulle framføre vinnarsongen på nytt. Programleiar Barbara Schöneberger utropte dimed «Black Smoke» som ny vinnar, og representant for Tyskland i Eurovision Song Contest 2015.
Eurovision Song Contest 2015
«Black Smoke» var direktekvalifisert til finalen i Eurovision Song Contest 2015 av di Tyskland er ein del av Dei fem store. Bidraget enda på 27. og sisteplass utan poeng. Austerrike enda òg opp utan poeng, men enda berre på 26. plass av di bidraget «I Am Yours» vart framført før «Black Smoke». Dette er det tredje tyske bidraget som har enda opp utan poeng.
Fotnotar
Kategori:Singlar frå 2015 Kategori:Unser Song für Österreich-songar Kategori:Ann Sophie-songar Kategori:Songar skrivne av Michael Harwood Kategori:Songar skrivne av Ella McMahon Kategori:Songar skrivne av Tonino Speciale Kategori:Eurovision Song Contest 2015-songar Kategori:Tyske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar