Tom Petty and the Heartbreakers er debutalbumet til bandet med same namn, gjeve ut 9. november 1976 av Shelter Records.
Albumet fekk i starten lite merksemd i USA. Etter ein turné i Storbritannia, klatra albumet til 24. plassen på den britiske albumlista og singelen «Anything That's Rock 'n' Roll» vart ein hit i Storbritannia. Etter nesten eit år og mange gode meldingar, gjekk albumet inn på den amerikanske albumlista, og nådde 55. plassen i 1978. Albumet selde etter kvart til gullplate. Singelen «Breakdown» nådde topp 40 i USA og «American Girl» vart ein FM-radiosong som framleis er å høyre på radio i dag.Whitburn, Joel. Rock Tracks (2002): 331
Albumet vart spelt inn og miksa i Shelter Studio i Hollywood i California.
Innhald
Medverkande Band Tom Petty - vokal, elektrisk gitar, akustisk gitar, klaverinstrument Mike Campbell - elektrisk gitar, akustisk gitar Benmont Tench - piano, hammondorgel, klaverinstrument Ron Blair - bassgitar på spor 1-2, 4-5, 7-10, cello Stan Lynch - trommer på spor 1-2, 4-10, klaverinstrument
Andre musikarar
Jeff Jourard - elektrisk gitar på spor 2, 7 Donald «Duck» Dunn - bassgitar på spor 3 Emory Gordy - bassgitar på spor 6 Randall Marsh - trommer på spor 3 Jim Gordon - trommer på spor 6 Noah Shark - maracas, tamburin, dombjøller Charlie Souza - saksofon på spor 3 Phil Seymour - korvokal Dwight Twilley - korvokal
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tom Petty and the Heartbreakers (album)» frå , den 8. mars 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Tekstar Offisiell nettstad
Kategori:Tom Petty-album Kategori:Debutalbum frå 1976 Kategori:Album produserte av Denny Cordell Kategori:Shelter Records-album