Adamit () er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg vest i Galilea i Israel nær grensa til Libanon, og høyrer til Mateh Asher regionale kommune. I 2012 hadde han eit folketal på 110.

Historie Kibbutzen Adamit vart grunnlagd i august 1958 av medlemmar frå Hashomer Hatzair, og vart kalla opp etter ein by frå tida kring Det andre tempelet, som låg i dette området. Kibbutzen vart grunnlagd på landområdet til den avfolka palestinske landsbyen Khirbat Iribbin, som låg vest for landsbyen. I 1967 vart kibbutzen fråflytta, og berre Nahal-grupper var att. I 1971 vart kibbutzen busett på ny av immigrantar frå England, USA og Canada, etter eitt år med opplæring i kibbutzen Mishmar HaEmek. I 1980-åra leid kibbutzen av økonomiske problem og kom under bustyrarskap. Sidan 1990-åra vart det bygd eit nytt nabolag i åssida over landsbyen.The good life, on a kibbutz, Haaretz

Geografi og klima Kibbutzen ligg på ein ås med flott utsyn over Galilea. På eine sida ligg Nahal Betzet naturreservat, og i nord Nahal Namer. Regionen får normalt 750 millimeter nedbør i året, som er relativt høgt for Israel.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Adamit» frå , den 8. mars 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Kibbutzar Kategori:Kibbutz-rørsla Kategori:Busetnader grunnlagde i 1958 Kategori:1958 i Israel Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel