Arab al-Aramshe (arabisk عرب العرامشة, ), offisielt Aramisha (), er ein beduinsk landsby i Vest-Galilea i Israel, like sør for den libanesiske grensa, ikkje langt frå middelhavskysten. Landsbyen høyrer til Mateh Asher regionale kommune.
Aramshe, som han vert kalla på folkemunne, vart grunnlagd som ein permanent busetnad for beduinar i området. I 2011 hadde han 1 437 innbyggjarar.
I løpet av åra har innbyggjarane i Aramshe fleire gonger vorte angripne av Katyusha-rakettar frå Sør-Libanon av Hizbollah. Under Libanonkrigen i 2006 mista ei mor og to av døtrene hennar livet då ein rakett fall ned på huset deira den 5. august.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Arab al-Aramshe» frå , den 8. mars 2015. oppgav desse kjeldene:
Arab al-Aramshe Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel