«A Woman in Love (It's Not Me)» er ein song av det amerikanske rockebandet Tom Petty and the Heartbreakers. Han vart gjeven ut i juni 1981 som den andre singelen frå albumet Hard Promises. Singelen nådde 79. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100 chart.Joel Whitburn, Joel Whitburn's Top Pop Singlar: 1955-2010, Record Research, 2011.

Songen har store musikalske kontrastar, og startar med eit roleg, R&B-aktig vers med ein viss melankoli, før det vert ei dramatisk endring i refrenget, der bandet eksploderer inn i ein hardare rockelåt som i følgje Allmusic er både «lydmessig sjokkerande og vakker».

Donald «Duck» Dunn spelar bass på songen.

Musikars Tom Petty - solovokal, rytmegitar Mike Campbell - sologitar Benmont Tench - klaverinstrument Stan Lynch - trommer Donald «Duck» Dunn - bassgitar Phil Jones - perkusjon

Lister Liste (1981)PlasseringU.S. Billboard Hot 10079U.S. Billboard Album Rock Tracks5

Kjelder Denne artikkelen bygger på «A Woman in Love (It's Not Me)» frå , den 11. mars 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Tom Petty-songar Kategori:Songar frå 1981 Kategori:Songar skrivne av Tom Petty Kategori:Songar skrivne av Mike Campbell Kategori:Songar produserte av Jimmy Iovine