Or HaGanuz (, stundom skrive Or Ganuz) er ein jødisk landsby aust i Øvre Galilea, kring seks kilometer nordvest for byen Safed. Den ortodokse busetnaden vart grunnlagd i 1989 i Merom HaGalil regionale kommune av ei gruppe nye baal teshuva-jødar. Oppstarten fekk støtte av Amana, ei busetjing under Gush Emunim, sjølv om landsbyen låg innafor den grøne linja. Namnet, som tyder Løynd lys, og som kjem frå kabbalah der det syner til det opphavlege lyset som skildra i Bibelen som den første handlinga i skapinga (sjå Første Mosebok 1:2).
Landsbyen er ein turistdestinasjon for pilegrimar som vitjar grava til rabbinaren Shimeon bar Yochai i den nærliggande Meron.
I dag bur det kring 50 familiar i landsbyen, i alt kring 300 innbyggjarar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Or HaGanuz» frå , den 16. mars 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Nettstad (hebraisk) Bilete
Kategori:Fellesbusetnader i Israel Kategori:Religiøse israelske samfunn Kategori:Busetnader grunnlagde i 1989 Kategori:1989 i Israel Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel