Hohe Riffler er ein 3 168 meter over havet høg fjelltopp aust i Verwallfjella. Fjelltoppen, den høgste i fjellmassivet, ligg i Tirol i Austerrike.
Edmund-Graf-Hütte på 2 375 moh. er vanleg utgangspunkt for ein topptur. Derifrå kliv ein opp vestsida til toppen.
Den tyske fjellklatraren Joseph Anton Specht hadde fylgje med fjellføraren Franz Pöll då dei som dei fyrste menneska tok seg til topps i 1864.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hoher Riffler» frå , den 18. mars 2015.
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Austerrike Kategori:Tirol