«I'll Feel a Whole Lot Better» er ein song av det amerikanske folkrockbandet The Byrds som først vart gjeve ut i juni 1965 som B-sida til den andre singelen deira, «All I Really Want to Do». Han var òg med på debutalbumet deira, Mr. Tambourine Man. Songen er skriven av Gene Clark, som òg song solovokal på songen, medan Jim McGuinn spelar ein skranglande 12-strengs Rickenbacker-gitar, som var eit tidleg varemerke for the Byrds. I tillegg slår Clark på tamburin, medan McGuinn, Clark og David Crosby syng harmonivokal. Songen hadde ein country-aktig gitarsolo.

Sjølv om han vart gjeven ut som B-side, vart «I'll Feel a Whole Lot Better» kraftig marknadsført av Columbia Records medan «All I Really Want to Do» låg på listene. Som følgje av dette nådde denne songen sjølv 103. plassen på lista. Songen har etter kvart vorte ein rockestandard, og inspirert til mange coverversjonar opp gjennom åra. Han vert òg rekna som ein av dei bandet sine, og Clark sine, beste og mest populære songar. Rolling Stone rangerte songen på 237. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.

Andre versjonar Tom Petty spelte songen i 1989 på soloalbumet sitt, Full Moon Fever. Det israelske bandet Hazvuvim spelte songen på debutalbumet deira, Bzzz..., omsett til hebraisk.

I 1978 spelte countrysongaren Bobby Bare inn songen på albumet Sleeper Wherever I Fall. The Flamin' Groovies spelte òg inn songen i 1978 på Flamin' Groovies Now. Paisley Underground-bandet The Three O'Clock spelte songen på deira Baroque Hoedown. Visstnok skal Gene Clark syngje korvokal på denne versjonen av songen.

Den argentinske rockemusikaren Charly García spelte songen i 1990 på albumet Filosofía Barata y Zapatos de Goma. Songen vart kalla «Me Siento Mucho Mejor» og teksten var omsett til spansk.

Countrypopartisten Juice Newton spelte songen i 1985 på Old Flame, med tittelen «Feel a Whole Lot Better».

Johnny Rivers spelte songen i 1973 på albumet Blue Suede Shoes.

Dinosaur Jr. spelte ein grunge-versjon på hyllestalbumet til Byrds, Time Between – A Tribute to The Byrds.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «I'll Feel a Whole Lot Better» frå , den 19. mars 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1965 Kategori:Songar skrivne av Gene Clark Kategori:Songar produserte av Terry Melcher Kategori:The Byrds-songar Kategori:Tom Petty-songar Kategori:Bobby Bare-songar Kategori:Juice Newton-songar Kategori:Johnny Rivers-songar 237 Kategori:Columbia Records-singlar