Stephan Abel Sinding () var ein norsk-dansk bilethoggar fødd i Trondheim. Han var bror av toneskaparen Christian Sinding og kunstmålaren Otto Sinding.

Liv og gjerning mini|Ole Bull-statuen (1901) i Bergen

Sinding studerte jus og filosofi ved universitetet i Christiania frå 1865. Interessa for kunst førte til at han 1870-72 gjekk på Den kongelige Tegneskole i same byen. I 1872 reiste han til Berlin, der han var elev hos seinklassisisten Albert Wolff fram til vinteren 1874. Derifrå la han turen innom Paris og London.

Gjennombrotet kom i 1882 med Barbarkvinde bærer sin dræbte søn bort fra slaget, eit verk den danske, rike bryggerieigaren Carl Jacobsen kjøpte. Sidan kom Jacobsen til å kjøpe opp ein stor del av Sindings seinare arbeid.

Åra 1880-83 budde Sinding i Roma. Han busette seg så i København og vart dansk statsborgar i 1890. Til opninga av det norske Nationaltheatret i 1899 laga han statuane av Bjørnstjerne Bjørnson og Henrik Ibsen. Hovudverket er likevel Moder Jord frå 1900, det står utstilt ved Ny Carlsberg Glyptotek i København.

Frå 1910 budde Sinding i Paris. Dei siste åra av livet modellerte han falne frå den første verdskrigen, som hadde prega han sterk.Stephan Abel Sinding i Norsk kunstnerleksikon. Han gav ut sjølvbiografien En billedhuggers liv i 1921, året før han døydde. Han døydde i Paris vart gravlagd på Père Lachaise-kyrkjegarden.

Utvalde verk Vølund smed, 1873 Hylas, ca. 1880 Slaven, 1878 Frise, 1891 Enken, 1892 Henrik Ibsen, 1899 Bjørnstjerne Bjørnson, 1899 Moder Jord, 1900 Ole Bull, 1901 Valkyrjen, 1908 Angelus, 1913 L'Offrande, 1918

Galleri

Bibliografi

Kjelder

«Stephan Sinding» i Norsk biografisk leksikon

Denne artikkelen bygger på «Stephan Sinding» frå , den 26. mars 2015.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske bilethoggarar Kategori:Danske bilethoggarar Kategori:Folk frå Trondheim