Ayelet HaShahar (hebraisk skrift ) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg langs vegen mellom Rosh Pina og Metulla, kring 35 km sør for Kiryat Shmona og høyrer til Øvre Galilea regionale kommune. I 2012 hadde han eit folketal på 1 565.

Historie Landområdet som kibbutzen ligg på vart kjøpt av Jewish Colonization Association i 1892. Han vart først busett av immigrantar frå Europa i 1915 under Andre Aliyah.

Mot slutten av det britiske mandatet, var kibbutzen utgangspunkt for fleire Palmach-operasjonar.

Industri Ayelet HaShahar er ein av dei større fruktprodusentane i Israel. Dei driv òg med meieridrift og fjørkre, og har mange bikubar for honningproduksjon.

Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Ayelet HaShahar» frå , den 30. mars 2015.

Bakgrunnsstoff Heimeside

Kategori:Europeisk diaspora i Israel Kategori:Kibbutzar Kategori:Kibbutz-rørsla Kategori:Busetnader grunnlagde i 1915 Kategori:1915 i Det osmanske riket Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel