mini|Modell av ExoMars Trace Gas Orbiter
ExoMars Trace Gas Orbiter (TGO) er ein romsonde som går i bane kring Mars. Han er eit samarbeid mellom ESA og den russiske romfartsorganisasjonen Roskosmos og ein del av ExoMars-prosjektet. Han vart skoten opp 14. mars 2016 frå Bajkonur og gjekk inn i bane kring Mars 19. oktober 2016.Mars methane mission lifts off - BBCExoMars TGO reaches Mars orbit while EDM situation under assessment - ESA Han bar med seg den enkle landaren Schiaparelli som testa landingsteknologi.
Instrument TGO har fire vitskaplege instrument:ExoMars Trace Gas Orbiter Instruments - ESA
NOMAD (Nadir and Occultation for MArs Discovery) kombinerer tre spektrometer: to som observerer infraraud stråling og eitt som observerer ultrafiolett stråling. Instrumentet vil identifisera atmosfæriske komponentar, slike som gassen metan, gjennom okkultasjonar og direkte refleksjonar.
ACS (Atmospheric Chemistry Suite) er tre instrument som observerer i det infraraude. ACS fyller ut observasjonane frå NOMAD.
CaSSIS (Colour and Stereo Surface Imaging System) er eit høgoppløysingskamera som kan ta farge- og stereobilete over større område. Det kan ta bilete av Mars med ei oppløysing på opp til 5 meter per piksel.
FREND (Fine Resolution Epithermal Neutron Detector) er ein nøytrondetektor som vil kartleggja hydrogen ned til ei djupn på 1 meter. Dette vil avsløra vassis nær marsyta.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Heimeside hjå ESA
Kategori:ESA-sondar Kategori:Roskosmos-sondar Kategori:Marssondar