mini|Leikanger prestegard på Norsk Folkemuseum.
Gerhard Geelmuyden () var sokneprest i Leikanger frå 1750 til 1764.
Gerhard Geelmuyden var kjøpmannsson frå Bergen. Han gifta seg i 1738 med Barbara Marie Leganger. Geelmuyden starta karrieren som personellkapellan under svigerfar Iver Iversen Leganger. Han sikra seg expectance (fyrsterett) på kallet i 1745, og tok såleis over då svigerfaren gjekk bort fem år seinare.
Geelmuyden bygde den staslege hovudbygningen på Leikanger prestegard i 1752. Denne var i bruk fram til 1911, då han vart flytt til Norsk Folkemuseum på Bygdøy. Som prest var Geelmuyden middelmådig og kranglevoren, og kan ikkje reknast blant biskopane Pontoppidan og Tidemand sine favorittar. Personellkapellan Jørgen Johan Ibsen måtte rømma prestegarden grunna Geelmuydens «voldsomme adferd mod ham».
Kjelder
Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Bergen