Rekhasim (hebraisk skrift רְכָסִים) er ein by (lokal kommune) i Haifa distrikt i Israel. Han ligg mellom Kiryat Tiv'on, Kiryat Ata og Nesher, ved hovudveg 70, 75 og 762.

Det er estimert at folketalet mot slutten av 2009 var 9 200.

Historie Han er kalla opp etter eit vers i Jesaja (Jesaja 40:4), fordi byen ligg på fire åsryggar. Han vart grunnlagd i 1951 av tidlegare soldatar og innbyggjarar frå nærliggande ma'abarot.

Geografi Rekhasim ligg på fire åsar nær Karmelberget, avmerkt med hebraiske bokstavar (Hill Alef, Bet, Gimel og Dalet). Han grensar til to landsbyar i Zvulun regionale kommune: den jødiske Kfar Hasidim og den arabiske Ibtin.

Det lågaste punktet er 19,8 meter over havet, og det høgaste er 193,6 moh. Middeltemperaturen i januar er 11 ºC og 27 ºC i august. Årsmiddelnedbøren er 650 mm.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rekhasim» frå , den 7. april 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Haifa distrikt Kategori:Lokale kommunar i Israel Kategori:Lokale kommunar i Haifa distrikt