Neve Yam (hebraisk skrift נְוֵה יָם, tyder 'Sjøheimen') er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg kring 20 km sør for Haifa og høyrer til Hof HaCarmel regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 206.

Kibbutzen vart grunnlagd i 1939 av medlemmar av Gordonia ungdomsrørsle, og tener som base for Palyam. I nærleiken ligg ein geysir som sprutar sjøvatn når havet er uroleg.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Neve Yam» frå , den 8. april 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1939 Kategori:1939 i Palestina Kategori:Busetnader i Haifa distrikt