«Nómiza» (gresk Νόμιζα) er ein song av Voice. Songen er skriven av Aléxandros Panayí og Silvia M. Klemm for Eurovision Song Contest 2000.
«Nómiza» representerte Kypros i Eurovision Song Contest 2000 i Stockholm i Sverige. Songen vart framført på gresk og italiensk av Voice. Kypros enda på 21. plass med åtte poeng; fire frå Makedonia, tre frå Kroatia og eitt frå Malta. Dette var fyrste gongen Kypros deltok med ein song som ikkje berre vart framført på gresk.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nomiza» frå , den 11. april 2015.
Kategori:Singlar frå 2000 Kategori:Eurovision Song Contest 2000-songar Kategori:Kypriotiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Greskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Italienskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Fleirspråklege Eurovision Song Contest-songar